Veteranverdsmeister Einar Sæter er død

 

Einar Sæter (6.12.1917-10.11.2010) var kjend som friidrottsmann, motstandsmann, bladstyrar og forfattar. Han kom frå Øksendal i Sunndal.

 

Han missa mykje trening på grunn av krigsåra, men etter krigen tok han to NM-medaljar i friidrott. Han fekk NM-sylv i tresteg i 1946, med 13,87 meter. I statistikken same år finn me òg 1,80 i høgde, 6,61 i lengde og 13,01 i kule. Den personlege rekorden hans var 13,98 meter frå Bislett stadion i 1947. Resultatet hadde heldt til NM-sylv også det året, men såleis gjekk det ikkje; han vart nummer fem. På denne tida representerte han Torshaug IF. Han var så borte frå statistikkane nokre år. Han melde seg seinare inn i IF Skarp (Tromsø), så inn i BUL og tok NM-sølv i tikamp i 1953. På dette tidspunktet var han allereie veteran. Bland enkeltresultat kan me nemne 38,11 i diskos.

 

Etter å ha flytta attende til heimfylket for å redigere avis, melde han seg inn i Sunndal IL. Han var aktiv i veteranfriidrett. I veteran-VM i Göteborg 1977 tok Sæter gull i tresteg og bronse i høgde (gullvinner i høgde var òg norsk; Erik Stai). I veteran-NM hadde Sæter ti gull mellom 1978 og 1992.

 

Under krigen deltok Sæter i motstandsorganisasjonen XU, og er kjend i breie krinsar for å ha skreve boka XU. I hemmeleg teneste 1940–1945. Boka har kome i fleire utgåver, sist med bidrag frå sonen Svein Sæter. Å skrive gjorde Einar på ein profesjonell måte, med røynsle som bladstyrar i avisene Aura Avis frå 1954 til 1971 og Driva frå 1971 til 1988. Han fekk den kongelege fortenstmedalje i gull i 2002.

 

 

 

Kjelder:

Avisoppslag i Aura Avis (2002), Driva (2010), Aura Avis (2010), statistikk på friidrett.no og veteranfriidrett.no